Integreringsarbeid

Målsettingar

Surnadal kommune legg forholda til rette for ei naturleg og positiv integrering i lokalsamfunnet, samtidig som vi ønskjer å styrke flyktningane si moglegheit til å delta i yrkes- og samfunnsliv, og til å bli økonomisk sjølvstendig.

Integreringstenesta skal busette og integrere flyktningar lokalt. Kommunen tek i mot flyktningar etter forespørsel frå Integrerings–og mangfoldsdirektoratet – IMDi og kommunestyrevedtak.

Den enkelte flyktning skal kjenne seg sett og verdsett i møte med alle kommunens ansatte. Kommunen har et aktivt samarbeid med idrettslag og fleire ulike frivillige organisasjonar.

Integreringstenesta har ansvar for individuelle oppfølging, støtte og rettleiing av busette flyktningar.  Dette gjeld både dei som er i introduksjonsprogrammet (18 - 55 år) og deira familiemedlemmar, samt flyktningar som ikkje er deltakar i programmet. Oppfølgingsarbeidet er begrensa til fem år etter busetting i kommunen.