17. mai i Surnadal 2026 - Surnadal kommune - Startsida

17. mai i Surnadal 2026

Slik feirar vi grunnlovsdagen og Norges nasjonaldag i sentrum og grender i 2026.

Program i sentrum

Kl. 11.00 Gudsteneste i Øye kyrkje

Kl. 12.15 Tog frå Øye stadion via sjukeheimen til Surnadal kulturhus.

Oppstilling:

  1.  Hovudfana - Ungdomsrådet
  2.  Flaggborg - Ungdomsrådet
  3.  Surnadal skulekorps
  4.  Surnadal barne- og ungdomsskule, med føresette og søsken bak 10. trinn
  5.  Surnadal hornmusikk
  6.  Barnehagane
  7.  Surnadal vidaregåande skule
  8.  Lag, organisasjonar og alle andre

Ved sjukeheimen syng vi Ja, vi elsker og Fagert er landet før toget går vidare til kulturhuset.

Ved Surnadal kulturhus

  • Vi syng Fagert er landet. Songtekstar finn du på FB-sida 17. mai i Surnadal
  • Tale for dagen ved Ole Magne Ansnes og helsing frå russen ved Åsmund Humberset, russepresident
  • Vi syng Ja, vi elsker

Sal av kaffe og kake.  Filmvisning i kinosalen for dei minste. 

Leiar i 17. maikomiteen 2026 er leiar i ungdomsrådet Live Aakvik. Arrangementet er eit samarbeid mellom ungdomsrådet, skulane og foreldre og kulturhuset.

I år som i fjor er det FAU ved Surnadal barne og ungdomsskule som står for sal av kaffe og kake inne på kulturhuset etter at talar og song blir avslutta ute.

Køyretøykortesje frå Øye kl. 14.00

Surnadal AmCar Club arrangerer i år som i fjor den populære køyretøykortesjen. Den går frå Øye kl. 14.00, via Sylte og Bøvra, Røtet vidare mot Sætergarden og opp Gammelgryta, ned Modalane og opp til Skei, innom sjukeheimen og ned til senteret.  Alle er velkomne til å delta uansett køyretøy.

Lokale feiringar i grendene

Som vanleg legg mange eldsjeler ned ein stor innsats og lagar lokale feiringar i heile kommunen vår. Gå til Facebook-sida 17. mai i Surnadal for full oversikt over alle arrangement.

Vi ønsker små og store ei toppers 17. mai-feiring!