80 år sidan flystyrt

5. mars er det 80 år sidan flyet til den skotske RAF-piloten Sandy Gunn vart skote ned over Nordmarka  i Surnadal

Gunn var på rekognoseringsoppdrag for å fotografere det tyske slagskipet Tirpitz i Åsenfjorden da han vart skoten ned av ein tysk Messerschmitt. Gunn skaut seg ut av flyet og overlevde styrten. Han var seinare teken til fange av tyske mannskap på bakken og sendt til fangeleiren Stalag Luft III i Polen. Han var ein av 76 menn som rømte frå denne leiren i ei flukt som sidan er kjent som «The great escape», og  som det i ettertid både er skrive bøker og laga film om.

I fjor sommar kunne folk for første gong følgje ny, merka sti inn til plassen der Spitfire-flyet til Sandy Gunn styrta. Stien, som har fått namnet «Spitfire-runden», var også Stikk UT!-tur sommaren 2021. I sommar skal stien supplerast med tre flotte informasjonstavler. Arbeidet med å få tavlene på plass vil starte så snart telen går.

Kulturavdelinga i Surnadal kommune ønskjer å gjera historia knytta til Spitfire-styrten på Nordmarka meir kjent blant folk. Her er Norunn Holten med ei av dei nye infotavlene som skal plasserast ut i stien til sommaren. Surnadal kommune