Eigedomsskatt 2020: Brev om vedtak etter klage blir utsendt snarast

Surnadal kommune har sendt ut faktura for 4. kvartal utan at brev om vedtak etter klage på eigedomsskattetaksten for 2020 var lagt ved til dei det gjeld. Brev med melding om vedtak blir ettersendt så snart som muleg. Vi beklagar dette. 

Høyring: Kommunedirektørens budsjett – og økonomiplan 2021-2022

Etter vedtak i formannskapet den 24.11.2020, er Kommunedirektørens budsjett – og økonomiplan 2021-2022 lagt ut til offentleg høyring.

Tildeling av Eldrearbeidets pris 2020 til Surnadal Røde Kors

Surnadal Eldreråd delte i dag ut Eldrearbeidets pris til Surnadal Røde Kors.   

Oppdatert: Telefontrøbbel fiksa!

Grunna tekniske problem hos Telenor sitt bedriftsnett var sentralbordet vårt dessverre ute av drift ein periode i dag tidleg. Dette er no i orden.

Høyring: Næringsplan 2021 - 2024

Næringsplan 2021 - 2024 er no lagt ut til høyring Næringsplan for Surnadal kommune 2011-2015, vart vedteken 15.09.11., med ein lettare revisjon for 2016-2020. Det er no utarbeid ein heilt ny næringsplan i 2020 som er gjeldande fra 2021. Det skal vidare lagast årleg handlingsplan som del av økonomiplanen. Det er planar om å utarbeide ein felles overordna næringsplan for Surnadal og Sunndal. Last ned høyringsdokumentet Næringsplan 2021 - 2024 (PDF, 3 MB) Høyringssvar sender du til post@surnadal.kommune.no Høyringsfrist: 27.11.2020

Følg dagens møte "Rovdyr og tap av sau" på KommuneTV

2.11.2020. kl.10.30   MØTE OM ROVDYR OG TAP AV SAU   Møtet skal bidra til gjensidig informasjonsutveksling og kunnskapsdeling mellom relevante aktørar frå myndigheitene og representantar for beitenæringa, med Surnadal kommune som vertskap og med deltakarar frå både Rindal og Sunndal kommune.  Reportasje Trollheimsporten    

Skatteoppkrevjarfunksjonen er ikkje lenger ei kommunal teneste

      Frå  1. november 2020  overtok Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjar-oppgåvene som kommunen har i dag.  Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.     Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.  Gå til skatteetaten sine nettsider for informasjon:  skatteetaten.no Kontakt skatteetaten på telefon: 800 80 000  

Siste dag med influensavaksinering i idrettshallen torsdag frå kl 10-13

Til no har over 600 personar benytta seg av vaksineringstilbodet  i idrettshallen denne veka, noko dei tilsette ved helsestasjonen er svært fornøgde med.   

TV-aksjonen 2020: Innbyggarbøsse mot plastforsøplinga i havet

I år går inntektene frå TV-aksojnen NRK til å bekjempe den enorme plastforsøplinga i havet. 8 millionar tonn plast hamnar i havet kvart einaste år. Plasten forurensar ikkje berre vatn og øydelegg marint liv. Den rammar heile økosystemet vårt. Det er berekna på globalt nivå at kvar person i snitt får i seg 5 gram plast i veka. Dette tilsvarar vekta av eit kredittkort. På grunn av korona blir det ikkje bøssebering dør til dør, men du kan bidra ved å støtte innbyggarbøssa som kommunen har oppretta. Det er TV-aksjonen som eig kontoen til innbyggarbøssa. Klikk på bildet under for å gå til innbyggarbøssa og gi ditt bidrag. Del gjerne bøssa med venner og kjente.

Velkomen til gapahuken i Kvenndalen!

Søndag 27. september er det «Gapahukens dag», og i samband med dette inviterer Eidet vel til familiedag ved Kvennbu, den flotte gapahuken dei har i Kvenndalen.