Kommuneoverlegen: Det er påvist sjukdomsgivande tarmbakterier i kommunen

Ingen er per i dag alvorleg sjuk.

Kommuneoverlege Bjørn Buan melder at det er påvist sjukdomsgivande tarmbakterier i kommunen. Ingen er per i dag alvorleg sjuk.

-Vi har iverksett smittesporing og smittebegrensande tiltak, og meiner faren for smittespreiing er under kontroll, seier Buan.

Kommuneoverlegen minner samtidig om betydninga av god handhygiene, spesielt før måltid og etter toalettbesøk.