Alzheimerdagen blir markert i Surnadal kulturhus

Måndag 21. september blir Alzheimerdagen markert i Surnadal kulturhus. Det blir ein kveld med personlege historier, forsking og kunnskap om demens – med mellom andre Øyvind Blindheim og sonen Syver frå Team Pølsa og hjerneforskar Magnar Bjørås frå NTNU.

Foto. Øyvind Blindheim og sonen Syver frå Team Pølsa - Klikk for stort bildeØyvind Blindheim og sonen Syver frå Team Pølsa

Markeringa startar kl. 18.00 og byr på både foredrag, samtalar og musikalske innslag.

Kvelden opnar med demenskoret Heimklang. Deretter møter vi Øyvind Blindheim og sonen Syver, kjent frå Team Pølsa, som kjem til Surnadal for å halde foredrag.

Etter pausen blir det sett søkelys på forsking på barnedemens. Hjerneforskar Magnar Bjørås frå NTNU held foredrag, og det blir sofaprat med Merete Haugen og Robert Nergård, foreldra til Mikkel.

Program

Kl. 18.00: Opning med demenskoret Heimklang
Kl. 18.15: Foredrag med Øyvind Blindheim og sonen Syver frå Team Pølsa
Kl. 19.15: Pause med mingling, kaffi og kaker
Kl. 19.45: Foredrag om forsking på barnedemens ved Magnar Bjørås, etterfølgt av sofaprat med Merete Haugen og Robert Nergård, foreldra til Mikkel.

 

Det blir også stands med demensforeiningane og boksal ved Øyvind og Syver.

Billettar og gratis buss

Billetten kostar 200 kroner og kan kjøpast gjennom kulturprogrammet til Surnadal kulturhus eller ved inngangen. 

Det blir sett opp gratis buss frå Kyrksæterøra, med avgang frå Kulør'n kl. 16.00 og vidare via Valsøya og Liabø. Påmelding til Kjersti på telefon 906 14 042 eller Tove Karin på telefon 415 21 427 innan laurdag 19. september.

Tid: Måndag 21. september 2026 frå kl. 18.00
Stad: Surnadal kulturhus
Billett: 200 kroner

Velkommen til ei viktig markering med rom for både kunnskap, personlege erfaringar og gode møte.

Plakat. Altzheimerdagen 2026 - Klikk for stort bilde

 

Plakat Alzheimerdagen i Surnadal 21.09.2026.pdf (PDF, 426 kB)