Anbefaling om koking av drikkevatn frå Sæterbø vassverk i Bæverfjord

canva.com Abonnentane tilknytta det kommunale vassverket Sæterbø i Bæverfjord oppfordrast til koking av drikkevatn og vatn til bruk i matlaging.

Snøsmelting og kraftig regn har medført dårlegare kvalitet på vatnet før rensing.

Auka innhald av humus (organisk stoff i vannet) reduserer kvaliteten på vatnet med omsyn til lukt og farge, og påverkar ei rekkje forhold som angår drifta av eit vatnbehandlingsanlegg. Farga vatn har ingen direkte helsemessige konsekvensar.

Humushaldig vatn har ingen kjente direkte helseeffektar. Ein viktig indirekte effekt er at humus i drikkevatn kan bidra til å redusere effekten av dei ulike prosessane som blir bruka til desinfeksjon. Spesielt vil humushaldig vatn raskt føre til svekking av strålingsintensiteten ved UV-bestråling. Dette har medført problem med UV-anlegget på renseanlegget til Sæterbø vassverk.

Anbefaling til abonnentane

Abonnentane er difor oppfordra til å koke vatnet i 5 min før det blir bruka som drikkevatn eller i matlaging.Frå måndag vil det bli plassert 2 stk 1m3 tankar ved Bæverfjord Oppvekstsenter der den enkelte kan hente seg vatn på eigne kanner ved behov.

Kor lenge vil dette vare?

Når UV-anlegget er tilbake i normal drift, må leidningsnettet kontrollerast og ved behov rensast, med påfølgande uttak prøver av drikkevatnet før oppfordringa til koking av drikkevatnet kan opphevast, nko som sannsynlegvis vil ta ca 2 veker.

Når bør ein ta kontakt?

Personar som eventuelt skulle oppleve sjukdom eller symptom med muleg sammenheng med drikkevatnet frå dette anlegget, bes å ta kontakt med kommunen.

Ved feber og/ eller blodig diare må ein kontakte lege.