Årsaka er at alle tilsette i barneverntenesta deltek på faglege samlingar gjennom Tjenestestøtteprogrammet i regi av Bufdir.
Programmet skal bidra til å sikre likeverdige tenester og ein meir systematisk praksis i barnevernet. For å få best mogleg utbytte av arbeidet er det viktig at alle tilsette deltek på samlingane.
Samlingane blir haldne i Kristiansund på desse datoane:
- 31 august og 1. september
- 11. og 12. november
Du kan framleis kontakte oss
Sjølv om kontoret er ubemanna, er barneverntenesta tilgjengeleg og vil følgje opp dersom det oppstår situasjonar som krev det.
Telefon: 71 65 59 00
Akuttelefon: 48 09 22 03
Det vil også bli hengt opp informasjon ved kontoret om korleis du kan nå oss desse dagane.