Beredskapsinformasjon om ekstremveret Hans

verkart med farevarsel for ekstremveret Hans - Klikk for stort bilde Meteorologisk institutt

Ekstremveret Hans er på veg. Surnadal kommune er i beredskap i tråd med gjeldande farevarsel frå myndigheitene. 

Ekstremveret Hans 

NVE og Meteorologisk institutt (MET) har sendt fleire varsel om ekstremveret Hans, også for Møre og Romsdal. Mellom anna raudt varsel for regn i Sunndal kommune, i tillegg til varsel om jord- og flaumskred og flaum på oransje nivå for fleire kommunar i fylket. 

Surnadal kommune deltok i ettermiddag i eit samvirkemøte i regi av Statsforvaltaren der vi fekk ein status over regionale prognosar for venta nedbørsmengder måndag og tysdag, samt overordna behov for beredskap. Surnadal og Rindal kommunar har i kveld hatt eit felles beredskapsmøte kor vi drøfta situasjonen. Vi skal ha eit nytt statusmøte måndag kl. 15:15 for ny vurdering av eventuelle konsekvensar av ekstremveret i vår region. 

Vi anbefaler innbyggarane å følgje med på oppdaterte vervarsel og tenkje gjennom kva du sjølv kan gjere for å førebygge skade. Følg med på varsom.no og forhald deg til informasjon frå kommunen du befinn deg i. Det kan bli redusert framkommelegheit og vegar kan bli stengde. 

Beredskap og vakttelefonar i Surnadal kommune finn du her.