Frå utdelinga av Eldrearbeidsprisen: Randi Vetleseter Bøe, prismottakar Bernt Idar Gudrunson Bøe og ordførar Hugo Pedersen.
Ann Grete Gravvold
Bakgrunn for tildelinga
Bernt Idar Gudrunson Bøe er ein av dei fremste kulturberarane og samfunnsbyggarane på Nordmøre. Som lærar, rektor, organist, lokalhistorikar, forfattar, journalist, korleiar og formidlar har han gjennom mange år vore ein viktig ressurs for lokalsamfunnet.
Eit stort engasjement for fellesskapet
I grunngivinga legg eldrerådet vekt på det store engasjementet hans for frivillig arbeid, kultur og lokalhistorie, ikkje minst gjennom arbeidet knytt til Åsskard kyrkje og Bøfjorden sjøbruksmuseum.
Med kunnskap, forteljarglede og eit smittande engasjement skaper han møteplassar og fellesskap. Han bygger bruer mellom generasjonar og bidreg til at historia, språket og kulturarven vår blir tatt vare på og formidla vidare.
Innsatsen hans har også fått stor anerkjenning utover heimbygda. Han har mellom anna mottatt Målprisen frå Nordmøre mållag, Kleivaprisen, Surnadal Sparebank sin utviklingspris og Kongens fortenestemedalje.
Eldrerådet trekker særleg fram at Bøe framleis er ein aktiv bidragsytar og ein verdifull ressurs for både eldre og yngre.
Heidrar frivillig innsats
Eldrearbeidsprisen vart etablert i 2011 og blir i år delt ut for 16. gong. Prisen går til ein person, eit lag eller ei foreining som har utmerkt seg positivt gjennom ulønna eldrearbeid. Det er Surnadal eldreråd som avgjer kven som får prisen.
Årets prisvinnar får ei pengegåve på 5 000 kroner og blomster.
Vi gratulerer Bernt Idar Gudrunson Bøe med ein velfortent pris og takkar for den store innsatsen han legg ned for fellesskapet.