Besøksrutiner ved Surnadal kommunehus

Klikk for stort bilde

Våre opningstider

  • Måndag - fredag kl. 09.00 - 15.00
  • Sentralbordet er ope mellom kl. 09.00-15.00. Tlf. 716 55 800

Avtal tid før oppmøte på kommunehuset

  • Våre saksbehandlarar hjelper deg gjerne. For at vi skal kunne yte god og effektiv service ber vi om at du avtalar møtetidspunkt med aktuell saksbehandlar før du møter opp på kommunehuset.

Kontakte saksbehandlarar

  • Du finn kontaktinformasjon til våre saksbehandlarar på kommunen sine heimesider under menyen Finn tilsett.
  • Dersom du treng hjelp til å finne rett saksbehandlar kan du kontakte sentralbordet for rettleiing og bistand på tlf 716 55 800

Meld besøk i servicetorget

  • Vi ber om at du alltid henvender deg i servicetorget. Når du besøker oss er det ikkje tillete å vandre fritt inn til kontorlokaler i bygget. Bruk eventuelt ringeklokka i servicetorget for assistanse eller bruk besøksskjermen dersom du har avtale. 

Besøksskjerm i servicetorget

  • Dersom du har avtalt tid med saksbehandlar kan du kjapt og enkelt melde din ankomst ved å bruke berøringsskjermen i servicetorget. Her finn du din saksbehandlar. Ved eit enkelt trykk går det ein sms til aktuell person om at avtalt besøk ventar i servicetorget. Be gjerne om assistanse, da dette kan vere litt uvant i starten.

 

Besøksadresse 

  • Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Velkommen!