Bilder frå opninga av SNR Hjelset 2. juni

Ordførar Hugo Pedersen er ein av dei mange ordførarane i regionen som deltok på opninga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset 2. juni. Her er nokre private bilder frå festivitasen.

Kronprinsen opna det nye fellessjukehuset. Helseminister Jan Christian Vestre og fleire prominente helse- og samfunnstoppar heldt talar under opninga. 

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) erstattar dei to sjukehusa i Kristiansund og Molde. Bygginga av det nye sjukehuset starta i 2021 og i går var det offisiell opning.  

Du finn all relevant informasjon om det nye sjukehuset på nettsida til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Lykke til som framtidig pasient eller pårørande ved det nye sjukehuset!