Bli med hit - treff kommunen på jobbmesse i Trondheim

Surnadal kommune deltar på jobbmessa Bli med hit i Trondheim 13. november.  Kjem du?

Bli med hit  - Trondheim 2023

Foto av persongruppe ved fjorden. - Klikk for stort bilde

Måndag 13. november blir jobbmessa Bli med hit arrangert i Trondheim. Alle som er interesserte i å få eit innblikk i aktuelle jobbar og yrkesmulegheiter er velkomne til å stikke innom og helse på.

Jobbmessa er eit samarbeid mellom næringsforeningar frå Ålesund, Molde og Nordmøre for å rekruttere arbeidskraft til regionen.  

Første bud er å vere synleg, og Surnadal kommune er på plass.  Frå kommunen kan du treffe Ingvild Kårvatn (heimetenesta), Ingunn Mikkelsen (sjukeheimen) og Anne Lise With Vullum (personal og stab). Frå næringslivet vil du møte gode ambassadørar frå bedriftene Talgø, Alti og SpareBank 1 Nordmøre.

Tips gjerne venner og kjente om at vi er i Trondheim! 

Gratis påmelding på blimedhit.no

Det blir servert litt mat og drikke. Vi håpar mange tar turen innom og helsar på oss og får med seg flotte give-aways i Surnadal i boks. 

Her finn du oss 13. november:

Kl. 11.00 - 13.00: Vi har stand for sjukepleiestudentar på Øya helsehus

Kl. 17.00 - 20.00: Vi står på felles Nordmøre-stand på Bli med hit - Radisson Blu Royal Garden Hotel