Velkomne på bokslepp!
Tid og stad: Torsdag 11. juni kl. 19.00 på Mo skule.
Her vil du få ein presentasjon av boka og arbeidet som er lagt ned. Utan ein formidabel innsats frå frivillige, hadde det vore umuleg å laga boka. Vi må derfor også nytte anledninga og gjera litt stas på våre dyktige frivillige!
Har bygdebokprosjektet ei framtid?
Det blir tid til ein prat om framtida til bygdebokprosjektet. Kommunestyret har kutta alle midlar til vidare bygdebokproduksjon, så band 6 ser ut til å bli siste boka av det nye verket. Vi vil mellom anna stille spørsmålet: Er det muleg å vidareføre prosjektet på andre måtar?
Kaffekopp og bok-kupp
Den nye boka må naturlegvis også feirast med kake og kaffe/te/saft. Etterpå vil det bli mulegheit til å bla i eller å kjøpe boka.
Elles vil det vera muleg å få kjøpt bygdebøker:
• på biblioteket (kulturhuset)
• på Ark Surnadal (butikksenteret)
I forbindelse med boksleppet og fram til 1. juli kan du gjere eit superkupp på bygdebøker: Dei som kjøper det nye band 6, vil i tillegg kunne kjøpe tidlegare band for kr 500,- per stk. Tilbodet gjeld berre under boklanseringa på Mo skule og i skranken på kulturhuset.
Arr.: Bygdebokprosjektet i Surnadal
Faksimile av framsida til Band 6.