Berre lov på nyttårsaftan
Det er berre lov til å avfyre fyrverkeri på nyttårsaftan, mellom klokka 18.00 og 02.00.
Det er 18 års aldersgrense for kjøp og bruk av fyrverkeri.
Elles i året er det ikkje lov, med mindre du har fått spesielt løyve. Det skal ikkje brukast fyrverkeri i tett bebyggelse, i nærleiken av tørr skog eller andre stader der det kan vere brannfarleg.
Kommunen kan bestemme lokale begrensningar for bruk av fyrverkeri i spesielle område der det kan oppstå fare for liv, helse, miljø eller materielle verdiar. Kommunen kan også bestemme at det er forbode med fyrverkeri i nokre soner. Dei kan ikkje bestemme at det er totalforbod i ein heil kommune.
Beskyttelsesbriller
Auge og ansikt er spesielt utsett for skader, så bruk beskyttelsesbriller. Sjølv ein liten gnist kan gi stor skade.
Hugs også beskyttelsesbriller til små og store som skal vere i nærleiken av fyrverkeri. Dei fleste fyrverkeriutsal deler ut beskyttelsesbriller gratis eller sel dei for ein billeg penge.
Ikkje gi fyrverkeri til barn
Fyrverkeri er eksplosiva og sjølv små mengder er nok til å gi livsvarige skader. Hugs å rydde opp etter deg om du har skote opp fyrverkeri, slik at ingen barn finn og skadar seg på det du har lagt att.
Under oppskyting av fyrverkeri er det ditt ansvar at barn og unge held trygg avstand. Det er ikke berre uforsvarleg, men også forbode å overlate fyrverkeri til mindreårige.
Barn kan bruke stjerneskudd dersom vaksne passar på at det brukast riktig. Hugs beskyttelsesbriller.
- Bruk fyrverkeri kun på nyttårsaftan, mellom kl. 18.00 og 02.00.
- Sørg for at bakkebatteriet står trygt og støtt, pakk gjerne rundt med snø om tilgjengeleg.
- Unngå at fyrverkeriet blir fuktig eller vått.
- Les bruksanvisninga og følg råda for sikker avstand ved oppskyting.
- Bruk beskyttelsesbriller for å unngå øyeskadar
- Tenn aldri lunta to gonger. Dersom den ikkje tenner første gong, vent 30 minutt, dynk med vatn og lever tilbake til forhandlar.
Meld inn skade
Dersom du som privatperson opplever personskade eller materielle skadar i forbindelse med bruk av fyrverkeri, kan du gjerne melde det inn til Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap. Les meir om innmelding av fyrverkeriuhell på dsb.no
Vi ønsker alle ei trygg nyttårsfeiring og eit riktig godt nytt år!