Digital post frå Surnadal kommune

Det er fleire som ringer og lurar på kvifor dei får varsel frå Altinn med informasjon om brev frå kommunen. Er du litt usikker på og kanskje litt irritert over å få slik digital kommunikasjon? Her har vi samla litt informasjon om digital post og håpar dette er til hjelp.

Hjelp! Eg har fått melding om brev frå kommunen i Altinn!

Brev til privatpersonar blir no sendt anten til ein digital postkasse eller til Altinn. Alle som ikkje har oppretta ein digital postkasse eller som ikkje aktivt har reservert seg, vil få brev i Altinn. Brev til bedrifter og andre offentlege instansar blir og sendt via Altinn.

Kva er Altinn?

Altinn er ein internettportal for digital dialog mellom næringslivet, privatpersonar og offentlege etatar.

For å opne brev frå kommunen i Altinn er det ikkje nok å opne eit sms-varsel. Brevet er ikkje opna før du har logga deg inn i Altinn, funne brevet frå Surnadal kommune i meldingsboksen din i Altinn og opna brevet der. Dersom du ikkje opnar brevet i Altinn, vil du etter om lag 3-4 dagar motta det same brevet i ein konvolutt i den fysiske postkassen din. Du får informasjonen uansett. Dette skjer automatisk.  

Vil du framleis motta post berre på papir?

Dersom du ønskjer å reservere deg mot å motta posten digitalt, kan du gjere dette ved å ringe gratis på tlf. 800 30 300 eller reservere deg på www.norge.no

digitalpostkasse

Kva er digital postkasse?

Fleire og fleire verksemder tek i bruk digital post, både kommunar, bankar, forsikringsselskap og butikkar.  Her er nokre gode grunnar til å opprette digital postkasse:

  • Du får raskare svar frå oss
  • Du får varsel i app eller e-post når du får svar
  • Du får oversikt over alle viktige brev, og tilgang til desse uansett kor du er
  • Du får ei sikker oppbevaring
  • Du sparar miljøet og reduserer offentlege utgifter
  • Du får ein reklamefri postkasse

Du må sjølv opprette digital postkasse og kan velje mellom to godkjente løysingar: e-Books eller Digipost. Dei er like sikre, men har litt ulik funksjon. Les meir om digital postkasse.  

For å opprette og logge deg på digital postkasse, må du ha elektronisk ID (for eksempel BankID, MinID).

Slik fungerar det år du mottek digital post:

Når du mottek post, vil du få varsel i app, på SMS eller e-post. Slik slepp du å sjekke den digitale postkassen kvar dag. Dersom du ikkje opnar brev i den digitale postkassen blir det berre liggande uopna. Du får ikkje tilsendt brevet i papirform etter nokre dagar, slik som i Altinn. Du har altså same ansvar for å opne brev i den digitale postkassen som du har for å opne brev du har fått i ein fysisk postkasse.

Du kan når som helst endre kontaktinformasjonen din for din digitale postkasse på www.norge.no

Vi håpar du vart litt klokare og veit litt meir om digital post! Det er du som bestemmer korleis du vil ha det, men du må ta nokre steg aktivt sjølv for å få det som du ønskjer. Du har all informasjonen du treng for å gjere dette i denne artikkelen.