Døde eller sjuke fuglar og andre dyr

Bilde av gås - Klikk for stort bildeBilde av ei gås Foto: Anne Lene Solbakken, FHI

På grunn av den pågåande fugleinfluensaen ønkjer Surnadal kommune å informere om følgjande:

Døde eller sjuke fuglar og andre dyr

 

Har du oppdaga døde eller sjuke fuglar og andre dyr, og mistenkjer fugleinfluensa?

Meld frå ved å sende e-post til postmottak@mattilsynet.no om desse artane:

  • andefuglar (ender, gjess og svanar)

  • havsuler

  • måkefuglar

  • vadere

  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)

  • åtseletarar (kråkefuglar)

  • småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område)

  • rovdyr (ønsker primært melding om observasjon av sjuke eksemplarar av raudrev, fjellrev-artar i mårdyrfamilien, gaupe, sjå symptom under)

  • sjøpattedyr (ønskjer primært melding om observasjon av sjuke eksemplar av steinkobbe og havert, sjå symptom under)

 

Ikkje ta på fuglane og andre dyr som er døde, sjå Folkehelseinstituttets råd for å forebyggje smitte med fugleinfluensa til menneske (fhi.no)

 

Det er viktig at du oppgir kor dyra er funne så nøyaktig som mogleg og kor dei kan hentas når du melder ifra til Mattilsynet. Oppgi kommune, adresse og helst også kartreferanse som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din.

 

Mattilsynet vil vurdere om dyra skal undersøkast for fugleinfluensa-smitte, men det er uansett viktig at du varslar oss. Dersom du ikkje høyrer noko fra Mattilsynet innan få dagar etter at du har meldt ifra om dødt dyr, kan du gå ut i frå at dei ikkje skal takast prøve av.  

 

Dersom det er behov for å fjerne døde fuglar eller andre døde dyr, for eksempel frå eigen eigedom, bør dette gjerast av ein vaksen person. Bruk hanskar når du plukkar opp dyret, legg det i ein plastpose og kast det i restavfallet. Eventuelt kan du plukke opp dyret med handa inne i en plastpose som så vrengast om dyret. Vask hendene godt etterpå med såpe og vann.

 

Dei hyppigst rapporterte kliniske symptom på sjuke rovdyr av nevnte artar er sirkelgange, skeiv hodestilling og dårleg balanse.

Vi står straks overfor haustens gåsetrekk, men pr i dag er det ikkje kjent smitteoverføring frå krykkje til gås.  

 

Bjørn Buan

Kommuneoverlege