Eigenberedskap for ei veke

Norske myndigheiter anbefaler at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i ei veke. Det er fordi kommunar og nødetatar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. 

Eigenberedskap startar med at du tenker over korleis ei krise kan påverke deg og livet ditt. Korleis kan du sørge for å dekke dine grunnleggande behov i ei veke? 

Dess fleire som er i stand til å ta vare på seg sjølv og hjelpe andre, dess betre rusta står vi som samfunn. Eit av råda er at du skaffar deg ein beredskapsvenn som du kan vere alliert med.  

Eigenberedskap dersom internett og mobil ikkje fungerer

Kva hadde du gjort om strømmen plutseleg gikk, deretter mista du mobilsignalet? Internett slutta å funke og TV-skjermen gjekk i svart. DSB og NSM ber befolkninga førebu oss på konsekvensane av cyberangrep mot kritisk infrastruktur. Alle bør være førebudde på at det kan komme lengre periodar kor mobilnett og internett ikke fungerer. Det same kan skje med strøm og vassforsyninga. 

DSB tilrår alle å gjere desse tiltaka for å vere førebudde på problem med mobilnett eller internett:

  • Finn ut korleis kommunen informerer innbyggarane.
  • Ver ein beredskapsven.
  • Skaff deg ein DAB-radio.
  • Lad opp naudladar (powerbank) og anna utstyr.
  • Vurder mobilabonnement som brukar ulike mobilnett.
  • Finn ut korleis du kan kommunisere via wifi.

På DSB.no finn du meir informasjon om grunnleggande ting du bør ha tenkt gjennom, og kva du treng for å ha god eigenberedskap om slike kriser skulle oppstå. Ofte kan det vere små grep du kan gjere som skal til for at eigenberedskapen din blir god.  

Dette bør du ha heime

  • 20 liter reint drikkevatn per person lagra på kanner eller flasker.  
  • Mat som toler lagring i romtemperatur. Slik tar du vare på maten viss strømmen går. (PDF, 159 kB)
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøkken.
  • Varme klede, pledd, dyner og soveposar. 
  • Fyrstikker og stearinlys.  
  • Ved dersom du har vedomn eller peis.
  • Gass- eller parafinomn som er berekna for innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. NB: Sikker bruk
  • Avtale om overnatting om du ikkje har alternativ oppvarming.
  • Lommelykter eller hodelykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.  Les meir om varsling i kriser.
  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
  • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).  
  • Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. 
  • Batteri og ladd batteribank. 
  • Litt kontantar og fleire betalingskort.  Les meir om eigenberedskap for betaling hos Norges Bank
  • Mat og vatn til kjæledyr.
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som for eksempel nødnummer, legevakt, veterinær, familie, venner og naboar.

Hugs at det er betre å ha litt på lager enn ingenting!

Sjekkliste for eigenberedskap

Brosjyre Eigenberedskap (DSB)

Brosjyre på 32 språk (DSB)

Råd om eigenberedskap for bedrifter