Eigenberedskap

Foto som viser kva du bør ha i beredskap heime - Klikk for stort bilde Gaute Gjøl Dahle DSB

Dette bør du ha heime i tilfelle ei krise oppstår

Du bør kunne klare deg sjølv i minst tre døgn
Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? 

Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klare deg sjølv i tre dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Norge å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin.

På nettsida sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggarar. 

Eksempel på beredskapslager:

  • 9 liter vatn per person (Les også: Slik lagrar du vatn)
  • to pakkar knekkebrød per person
  • ein pakke havregryn per person
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass eller parafinomn til oppvarming
  • grill eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridriven DAB-radio 
  • batteri, ladet batteribank og mobillader til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir
  • sanitetsprodukt
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/rødsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar (inntas KUN når myndigheitene gir råd om det)

Jodtablettar

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) vurderer at det ikkje blir aktuelt å gi råd om inntak av jodtablettar ved radioaktive utslepp i Ukraina. Ved eit stort utslepp, der kjelda til utsleppet er i Norge, kan det bli aktuelt at personar mellom 18 og 40 år tar jodtablettar. Dersom ein slik situasjon oppstår, vil myndigheitene gi råd om kven som bør ta jodtablettar (personar under 40 år, gravide eller ammande). 

I Surnadal kommune har barnehagar og skular innhenta samtykke frå føresette til å dele ut jodtablettar til barn og skuleelevar dersom myndigheitene gir råd om dette. Skulle behovet oppstå har kommunen utover dette eit beredskapslager og plan for utdeling av jodtablettar til aktuelle målgrupper i befolkninga. Ved råd om inntak av jodtablettar, kan myndigheitene komme med eit tidsavgrensa råd om å opphalde seg innandørs. Kriseleiingane i kommunane har øvd på eit slikt scenario.  

Spørsmål og svar om jodtablettar hos DSA.

 

Beredskapskommunikasjon ved bortfall av strøm. tele- og internett

Du kjenner kanskje til nokon du kan oppsøke som har jaktradio? Jakt kanal 1 blir brukt i situasjonar der kommunal beredskapsvakt vil vere tilgjengeleg på denne kanalen. Beredskapsvakta i kommunen har også satelittelefon som kan brukast til å formidle kontakt med naudetatar og liknande.

Surnadal kommunehus vil vere aktuelt kontaktpunkt/oppmøtestad for henvendelsar ved utfall av både strøm, tele- og internett.

Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?
Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.

Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.

Du er ein del av beredskapen i Noreg
Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. 


Informasjon om eigenberedskap på fleire språk