Ein høgtidsdag for nye norske statsborgarar

95 nye norske statsborgarar var samla til statsborgarseremoni i Kristiansund 6. september. Dagen vart ei høgtideleg og varm markering av fellesskap, samkjensle og starten på eit nytt kapittel.

Foto. Gruppebilde statsborgarseremoni 2026. - Klikk for stort bildeOrdførarar og nye statsborgarar samla på seremoni i Kristiansund. Statsforvaltaren

I 2025 fekk 1180 personar norsk statsborgarskap i Møre og Romsdal. Dei nye statsborgarane har bakgrunn frå heile 86 ulike land.

Laurdag 6. september var nye statsborgarar frå kommunane på Nordmøre og i Romsdal inviterte til statsborgarseremoni i Kristiansund. 95 nye statsborgarar deltok, saman med familiar og inviterte gjestar.

Ein del av Noreg

Statsforvaltar Else-May Botten ønskte dei nye statsborgarane velkomne og minna om at norsk statsborgarskap både handlar om rettar, fellesskap og moglegheita til å delta og påverke samfunnet.

Ho oppfordra dei nye statsborgarane til å bruke stemmeretten sin og engasjere seg i lokalsamfunna.

– Eit nytt kapittel i livet dykkar startar i dag. No bur de ikkje berre i Noreg. No er de ein del av Noreg. Vi håper de vil vere med på å gjere Møre og Romsdal, og Noreg, enno betre, sa Botten.

Ordførar i Smøla kommune, Svein Roksvåg, var gjestetalar og gratulerte på vegner av kommunane.

– De som er samla her i dag, bidreg med erfaring, språk, tradisjonar og perspektiv. Dette styrkar Noreg. Mangfald gjer oss rikare.

Han la vekt på den viktige rolla nye statsborgarar har i lokalsamfunna – som medborgarar, kollegaer, venner og samfunnsbyggarar.

Feiring med rom for ettertanke

Årets statsborgarseremoni fann stad i den nasjonale sørgeperioden etter H.M. Kong Harald V sin bortgang.

Seremonien gav derfor også rom for å minnast Kongen med eitt minutts stille og framføring av «Kongesangen».

– Vi valde å gjennomføre denne dagen fordi vi meiner at det er i Kong Harald si ånd. Han ville likt at vi inviterte til fest for å feire at de no er ein del av det Noreg som han gav alt for, og som han elska, sa statsforvaltar Else-May Botten.

Lova truskap til Noreg

Under seremonien vart dei nye statsborgarane kalla fram på scena kommune for kommune. Dei fekk rose og bok og vart fotograferte før alle reiste seg og sa fram truskapsløftet:

«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.»

Den formelle delen av seremonien vart avslutta med at alle song nasjonalsongen saman.

Etterpå heldt feiringa fram med kaffi, kake, is og brus på Kulturfabrikken. 

For mange vart dagen både ei markering av vegen fram til norsk statsborgarskap og starten på eit nytt kapittel.

Frå Surnadal kommune fekk Tatiana Melnikova norsk statsborgarskap.

Du finn fleire detaljar og bilete frå statsborgarseremonien på nettsidene til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal