Møre og Romsdal fylkeskommune overtek ansvaret
Frå 1. juli 2026 er det Møre og Romsdal fylkeskommune som har ansvar for:
- godkjenning av nye TT-brukarar
- behandling av søknader
- klagebehandling knytt til TT-ordninga
Kommunen har ikkje lenger ansvar for desse oppgåvene.
Surnadal kommune behandlar alle søknadar som er innkomne før 1. juli 2026.
Nye retningsliner og endra tildeling
Fylkeskommunen har vedteke nye retningsliner for ordninga.
Ei viktig endring er at brukarsonene M1 og M2 blir slått saman. Samtidig blir den årlege tildelinga for denne brukargruppa auka til 4 500 kroner i 2026.
For brukarar som allereie har fått tildeling for første halvår 2026, vil denne summen bli trekt frå når ny tildeling blir rekna ut frå 1. juli 2026.
Du får informasjon frå fylkeskommunen
Det er sendt ut brev til brukarane saman med nytt TT-kort, informasjon om ny leverandør av kortløysing, samt kor ein kan rette spørsmål om TT-kort.
Kva er TT-ordninga?
TT-ordninga er eit tilbod om drosjetransport for personar som på grunn av funksjonsnedsetting har store vanskar med å nytte ordinær kollektivtransport. Ordninga gjeld fritidsreiser som ikkje blir dekte av andre offentlege ordningar.
Les meir
Du finn meir informasjon om ordninga, retningsliner og kontaktinformasjon på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune.