Faktura kommunale avgifter på veg

Har du spørsmål knytta til faktura kan du lese gjennom punkta under og kanskje få svar på det du lurar på. Er det framleis noko du ikkje forstår, kan du ta kontakt med oss.

Eigedomsskatt:

Botnfrådraget på kr. 150.000 er no fjerna, slik at alle får høgare grunnlag for skattetakst. Sjølve taksten er den same som i 2018. I praksis betyr dette at alle får ein auka skatt på kr. 975 pr. år, samanlikna med 2018. Dette vart vedteke av kommunestyret i desember 2018.

Døme eigedomsskatt
  2018 2019
Takst 650.000 650.000
Botnfrådrag 150.000 0
Skattegrunnlag 500.000

650.000

 

Fleire eigarar:

Når ein eigedom har fleire registrerte eigarar (heimelshavarar), blir faktura sendt til den eldste av eigarane. 

Feil i matrikkelen:

Dersom det er feil i matrikkelen (eigedomsregisteret) t.d feil fødsels- og personnummer, feil adresse, feil areal på eigedomen, så vil dette kunne medføre feil på faktura. Da må matrikkelen rettast opp.

Faktura går til eigar av eigedom

Dersom ein grunneigar har hytter på sin eigedom som ikkje er utskilt og tinglyst, samt ikkje tinglyste festekontrakter, vil faktura automatisk gå til grunneigar.

Hyttefeiing:

Etter krav frå departemenet skal alle kommunar foreta tilsyn og feiing av alle fritidsbustader. Dette vart innført frå 2. halvår 2018 i Surnadal kommune. Tenesta blir utført etter sjølvkostprinsippet på same vilkår som for vatn og avløp.