Feieavgift for dei som bur i burettslag - utseksjonerte leilegheiter

Kommunen har teke i bruk eit nytt feieprogram. Det har vist seg at dette programmet har handtert feieavgift på utseksjonerte leilegheiter feil. Dette er vi no klar over og oppretting er i gang.

Det er allereie utsendt kreditnota til dei som er berørte. Når du får kreditnota kan du sjå kva som er skrive til informasjon. Vi beklagar på det sterkaste bryderiet dette vil medføre for den enkelte. Dette blir no retta opp for ettertida, slik at det ikkje skjer igjen.