Ferieavvikling og redusert bemanning ved Surnadal legesenter
I perioden veke 26 til og med veke 33 vil Surnadal legesenter ha redusert bemanning grunna sommarferieavvikling.
Ferieavviklinga vil medføre noko lengre ventetid på telefon, timebestilling/konsultasjonar og reseptar.
Hugs også å bestille reseptar i god tid.
Legevakt
- Legesenteret i Surnadal har lokal daglegevakt kl. 08.00 - 15.30, alle kvardagar.
- På kvardagar frå kl. 15.30 - 08.00 og på helg, må du kontakte legevakta i Orkland. Meir informasjon om legevakt
Surnadal legesenter ber om forståing for dette og ønsker alle ein riktig god sommar!
Sist endret 25.06.2025 09:53