Fleire husstandar utan vatn på grunn av langvarig frost utan nedbør

Teknisk drift opplever at stadig fleire tar kontakt for hjelp fordi vatnet har frose. Her kjem nokre råd og oppmodingar til innbyggarane.

Surnadal kommune har i dag hatt eit beredskapsmøte i forbindelse med at fleire innbyggarar i ulike delar av kommunen no står utan vatn som følge av den langvarige kuldeperioden. Kommunen har sidan før helga motteke eit aukande tal henvendelsar om frosne stikkleidningar, avløp og interne røyranlegg.

Teknisk drift arbeider fortløpande med å følge opp meldingar, gi råd og bistå der kommunen har ansvar. Mange av dei innrapporterte problema ligg likevel på eigedomar der huseigar sjølv har ansvar for røyrinstallasjonar og frostsikring.

Slik kan du førebygge at vatnet frys

Kommunen oppmodar alle innbyggarar om å sjekke og sikre eigne røyr så langt det er mogleg. Her er nokre råd:

1. Hald jamn varme i rom med røyr

  • Sørg for at kjellarrom, tekniske rom, krypkjellarar og andre utsette område ikkje blir for kalde. Temperaturen må ikkje vere under 10 grader+ 
  • Unngå å skru heilt av varmen når du er borte.

2. Opne skapdører

  • Dersom røyr går langs yttervegg eller inne i kjøkken- og baderomsskap, kan du opne dørene slik at varmen frå rommet kjem til.

4. Sikre og isoler utsette røyr

  • Bruk isolasjon rundt røyr i kalde rom, krypkjellarar og garasjar.
  • Sjekk at ventilar i kjellarar og boder ikkje står heilt opne i ekstremkulde.

5. Steng og tøm utekranar

  • Utekranar som ikkje er frostsikre bør stengast og tømmast for vatn om vinteren.

6. Har vatnet allereie frose?

  • Prøv å tine røyr forsiktig med varmluft (til dømes hårfønar).
  • Ikkje bruk open flamme.
  • Dersom du ikkje kjem til eller er usikker på ansvaret, ta kontakt med røyrleggar.

Kommunens oppmoding

-Om vatnet skulle fryse, er det lurt å ha kanner med vatn ståande klare på førehand. Kommunen er behjelpeleg med kanner. Det vil alltid ta noko tid å få utbetra situasjonen, seier Geir Skoglund, driftsleiar vatn og avløp i Surnadal kommune. Han legg til at røyrleggarane i Surnadal har meir enn nok å gjere for å bistå privatpersonar. 

Ordførar Hugo Pedersen oppmodar pårørande og naboar om å bistå med å fylle vannkanner hos eldre og sårbare. - Ver ein beredskapsvenn. 

Vi ser at kuldeperioden kan strekke seg eit par veker til framover. Vi kan ikkje utelukke at vi må be innbyggarane om å rasjonere på vassforbruket og førebu seg på å kunne ta i mot vatn. Skoglund og Pedersen refererer til vasskrisa som oppstod i 2013 grunna frost, men håpar situasjonen ikkje blir så ille som da.

-Vi håpar innbyggarane viser tålmod og forståing i situasjonen med ein litt uvanleg vinter, seier påtroppande plan- og beredskapssjef Gunhild Eidsli.

Kommunen ber alle som opplever bortfall av vatn om først å undersøke om det kan vere interne røyr som har frose. Dersom du mistenker at feilen ligg på kommunal leidning, ta kontakt:

Vakttelefon Teknisk drift (etter kontortid): 416 35 388
Servicetorget: 71 65 58 00 (ordinær arbeidstid)

Kommunen vil også halde fram med å informere dersom situasjonen endrar seg eller det kjem behov for nye tiltak.