Fleire personar kan bruke skuterløyver

Surnadal kommune endrar retningslinene for motorferdsel i utmark. 

Tidlegare kunne maksimalt tre personar stå oppført på eit skuterløyve for å frakte bagasje og ved til ei familiehytte. 

Snøskuter - Klikk for stort bilde Staffan Sandberg

19. oktober vedtok kommunestyret å oppheve begrensninga i antal personar som kan bruke eit slikt løyve. Brukarar av skuterløyvet må framleis vere i nærmaste familie til hytteeigaren. Det betyr at dei må vere i opp- eller nedstigande linje, alternativt vere gift eller sambuar med nokon som er det.

Det er ikkje nødvendig å sende inn ein ny søknad for å legge til personar. Om du ikkje har fått køyrebevis for kommande vinter kan du sende ein e-post til staffan.sandberg@surnadal.kommune.no

Har du allereie fått køyrebevis må du sende inn køyrebeviset til kommunen før du kan få tilsendt nytt køyrebevis.