Forbereder nye krav til kommunal avløpssektor

Omlag 88% av befolkninga i Norge er tilknytt offentleg avløpsnett og etterslepet er betydeleg.  Snart kjem også eit revidert avløpsdirektiv med eit meir omfattande og ambisiøst regelverk. Surnadal kommune har gjennomført dokumenttilsyn. 

Omstilling og berekraft

Regulering av avløpssektoren har stor innverknad på helse og miljø og består av fleire tilgrensa regelverk, som også ivaretar omsyn til bygg- og arealplanlegging, sikkerheit og beredskap. 

Forureiningsforskriften del 4 om avløp stiller nasjonale minimumskrav til rensing av avløpsvatn og kontroll med utslepp. Forskrifta gjennomfører EUs avløpsdirektiv, som Norge er forplikta til å følge gjennom EØS-avtalen. 

Klimaendringar krev betre handtering av overvatn og avløpssystem som toler varierande belastning.  Dette er noko av bakgrunnen for eit nytt avløpsdirektiv frå EU, og inngår som eit av grepa i EUs Green deal for omstilling til berekraftige samfunn innan 2050.  

Surnadal kommune har gjennomført dokumenttilsyn

Kommunane og statsforvaltaren er forureiningsmyndigheit på avløpsområdet. Kommunane behandlar søknadar om utslepp av avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande, samt mindre tettbebyggelse.  

Kommunane er allereie oppfordra til å innhente kunnskapsgrunnlag, utbetre og førebu avløpsnett som held for framtida. 

Kommunen skal etter forureinsningsforskrifta føre tilsyn med forhold som berører:

  • mulegheitene for å overhalde kommunens utsleppsløyver
  • om anlegga er dimensjonerte for belastning
  • om rensegrad og prøvetaking er i tråd med forskriftskrav

Som eit ledd i dette har Surnadal kommune gjennomført eit dokumenttilsyn med kommunale avløpsanlegg. Dette avdekka behov for tiltak på enkelte eigedommar som er tilkopla avløp som ikkje oppfyller krav i forureiningsforskrifta. For enkelte eigedommar er det fatta vedtak om bygge- og delingsforbod inntil avløp er utbetra.  

Sjå elles vedlagte rapport.

Rapport frå dokumenttilsyn med med kommunalt avløp (PDF, 143 kB)