Forlenging av skutersesong i Surnadal

Surnadal kommunestyre har vedteke ei midlertidig endring av gjeldande retningsliner for motorferdsel i utmark. Snøskuter til hytte kan i år nyttast fram til og med 3. mai.

Endringa gjeld for dei som allereie har fått løyve med heimel i §5 b-f i nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag, dvs. for transport av funksjonshemma person, bagasje, utstyr og / eller ved til hytte. Det må understrekast at det ikkje blir gitt fleire turar eller køyredagar enn det som står i løyvet. Endringa gjeld berre i 2020.

Ein oppfordrar til å bruke dei frivillige organisasjonane som har løyve til leigekjøring i perioden. Dette for å få færre turar, vise hensyn til mulege konsekvensar for det biologiske mangfaldet, og lojal støtte og pengar i kassa for dei frivillige.