Førstemann til gratis Flåklypa-billettar på kino!

Gjeld barn, unge og barnefamiliar.

Surnadal Røde Kors har fått tildelt midlar frå Bufdir til tiltak for barn, unge og barnefamiliar i jula. Desse vil dei bruke til å gi gratis kinobillettar til denne målgruppa i romjula. 

Dei som ønsker å sjå Flåklypa søndag 28. desember kl 13:00 eller måndag 29. desember kl 15:00 kan hente seg billett i resepsjonen på Surnadal kulturhus frå onsdag 17. desember.

 

For kvar forestilling er det sett av 40 billettea, så det er lurt å vere ute i god tid.

Med vennleg helsing

Surnadal Kino og Surnadal Røde Kors