Framleis totalforbod mot bruk av open eld i Surnadal kommune

Minner om gjeldande totalforbod og aukande skogbrannfare: Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, påfjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark. Totalforbodet gjeld framleis i Surnadal kommune inntil kommunen har kunngjort ei oppheving på kommunen sine heimesider.

- Sol, varme og vind slik vi no har hatt over lang tid, gjer faren spesielt stor. Tørkeskada vegetasjon bidreg til brannfare langt over normalen. Sjølv om det enkelte stader har kome nedbør, er vedvarar faren for brann da vegetasjonen tørkar raskt opp i fint ver, seier brannsjef Tor Arne Moen i Surnadal kommune.

Vis aktsomheit!

Så tørt som det er no skal det særs lite til for å starte ein brann. Kvar og ein av oss må vise aktsomheit og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Det gjeld alle, heile tida og over alt.

Aktsomheitsplikta inneber at ein tek førehaldsreglar for å redusere sannsynlegheita for brann og begrense skadene dersom det skulle oppstå brann. Oppgjort eld må ikkje bli forlatt før den er fullstendig sløkt.

Bålforbodet

I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet vert omtala som "bålforbodet".

Det generelle forbodet gjeld kun i eller i nærleiken av skog og anna utmark, og med dette meiner ein alle område som ikkje er innmark. Eksempel på innmark er gardsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og skogplantefelt og liknande område. Men hugs at aktsomheitsplikta og gjeld på desse områda. Det er den som utfører aktiviteten som er ansvarleg for brannsikkerheita.

Å gjere opp eld omfattar bruk av eingongsgrillar, bål- og peisinnretningar. Stranda vil oftast bli rekna som utmark og vil da vere omfatta av det generelle bålforbodet. Dersom ein likevel ønskjer å tenne bål, må ein søkje løyve frå kommunen.

Slik forholda er no, er det så tørt at løyve til å gjere opp eld, som å grille og tenne bål, i eller i nærleiken av skog og anna utmark stort sett ikkje vil bli gjeve.

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det openbart ikkje kan starte ein brann. Men: Det skal særs mykje nedbør til for at det openbart ikkje kan føre til brann.

- Eg kan vanskeleg sjå for meg nokre område kor det no openbart ikkje kan føre til brann, seier brannsjefen.

Grilling

- Brannvesenet fraråder generelt all bruk av eingongsgrill, i alle fall når det er tørke. Dei kan vere varme i mange timar etter bruk om dei ikkje vert sløkte og avkjølt ned skikkeleg, seier Moen. Eingongsgrillar må aldri bli sett rett på  brennbart grunnlag.

Gassgrillar og elektriske grillar vil i dei fleste tilhøva kunne brukast i eigen hage med normalt vedlikehald, forsvarleg plassering og aktsom bruk. Dette gjeld ikkje dersom hagen er i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Der gjeld eit generelt forbod.

Hugs at aktsomheitsplikta gjeld overalt, i parkar og hagar, på verandaer og terrassar eller under brennbare tak eller liknande overbygg.

Ved brann eller ulykke ring 110.

 

Kort oppsummert har vi eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, med unntak av der det openbart iikkje kan medføre brann, medan i hagar, i parkar og anna innmark gjeld det ei alminneleg aktsomheitsplikt.