Frigjerings- og veterandag og «125-års-jubileum»

Plakat om arangement på frigjerings-og veterandagen på Surnadal kulturhus 8.mai 2023. - Klikk for stort bildeHelge Husby fortel om slaget i Gratangen i Surnadal kulturhus 8. mai.

Utstilling og foredrag markerer frigjerings- og veterandagen i kulturhuset. I tillegg blir det vist biletkavalkade for å heidra ein jubilant.

Helge Husby har skrive bok om «Slaget i Gratangen» i 1940 – der Trønderbataljonen vart beordra til å gå til kamp. Det var mange nordmøringar innrullert i denne bataljonen, og dessverre med det verste utfall for fleire av dei under og etter kampane i Gratangen.

Helge Husby vil gjennom to økter, med start kl. 19, fortelje om dette dramatiske slaget og med spesiell vekt på korleis det gjekk med dei frå Surnadal kommune.

I pausen mellom dei to øktene vil det vere muleg å få kjøpt boka.

Frå kl. 15 vil det vere muleg å sjå ei utstilling som Jo Inge Øverland og Petter Forberg er ansvarlege for. Begge to har ei stor samling av ymse effektar frå 2. verdskrig. Både utstillinga og foredraget er lagt til Svorkasalen (1. etasje) og det er sjølvsagt fri inngang denne kvelden.

Hotellet sel kaffe og kaffemat gjennom heile arrangementet.

8. mai er ikkje berre frigjeringsdagen, men også fødselsdatoen til Hans Hyldbakk. Det er 125 år sia lokalhistorikaren og diktaren vart fødd, og det vil m.a. bli markert med ein stor korkonsert i haust. På sjølve dagen, 8. mai, vil det gå fortløpande ein biletkavalkade med bilete han har tatt – frå kl. 16 til 19 i kinosalen. Kavalkaden tek eit lite ti-minutt.

Velkomen!