God stemning ved signering av kjøpekontrakt

Familien Sand er no eigarar av Todalen skule.

Formannskapet vedtok 17. desember å selje Todalen skule til familien Sand til ein symbolsk kjøpesum på kr. 1,- Barnehagen forblir kommunal eigedom, men ny eigar har forkjøpsrett ved eventuelt framtidig sal.

Det var god stemning da Aune Sand på vegne av nye eigarar ga ordføraren eit handfast kronestykke i betaling. Næringskonsulent Harald Bredesen og urmakar og drivar av Todalshytta, Arve Evensen var også tilstades under sigeringsseremonien. 

Det blir definitivt nye tider ved Todalen skule denne våren  -  med både urmakarverskstad, ny klokkesatsing og kunstformidling med verdenspremiere for visning av kunstverk av Vebjørn Sand.

Foto: Urmakar Arve Evensen, ordførar Hugo Pedersen og Aune Sand - Klikk for stort bildeUrmakar Arve Evensen, ordførar Hugo Pedersen og Aune Sand Harald Bredesen

 

Surnadal kommune ønsker familien Sand hjarteleg velkomne og lykke til med ny og spennande aktivitet i Todalen.