Har du forslag til brukarrepresentantar til Råd for personar med funksjonsnedsetting og til medlemmar i eldrerådet

Illustrasjon. Hender som omkransar spelebrikkar i ulike fargar. - Klikk for stort bilde canva.com

I samband med ny kommunestyreperiode skal det veljast 2 brukarrepresentantar til Råd for personar med funksjonsnedsetting og nye medlemmar til Eldrerådet.

Kva gjer Råd for personar med funksjonsnedsetting?

Råd for personar med funksjonsnedsetting skal arbeide etter prinsippet om full deltaking og likestilling for personar med funksjonsnedsetting i samfunnet.

Rådet skal vere eit samarbeids- og rådgjevande organ for kommunen i saker som gjeld funksjonshemma sine behov og interesser. 

Har du lyst til å sitte i eit slikt utval eller har forslag til andre som kan sitte der, vil vi gjerne høyre frå deg.

Kva gjer eldrerådet?

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen, og skal behandle saker som vedkjem situasjonen og framtida til dei eldre. Eldrerådet har 5 medlemmar.

Pensjonistforeningar har rett til å kome med forslag til medlemmar i Eldrerådet.

Kontakt oss på tlf. 716 55 800 eller post@surnadal.kommune.no innan 16.10.2023 dersom du har forslag til kandidatar.