Har du forslag til kandidatar til Kleivaprisen 2024?

Frist for å fremme kandidatar til årets pris er 15. mars.

Kleivaprisen 2024

Foto. Kleiva. - Klikk for stort bilde

Bygdediktaren Hans Hyldbakk oppretta Kleivaprisen for å kunne gi ei påskjønning til lag, organisasjonar og enkeltpersonar som har gjort eller gjer ein flott innsats for å fremme kulturelle og lokalhistoriske formål i Surnadal. 

Statuttane for Kleivafondet er lagt til grunn for tildelinga av Kleivaprisen. Under §2 står det mellom anna ”Formålet med fondet er å fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett. Forutan tildeling av midlar etter søknad, kan styret på eige initiativ gje stønad eller påskjønning til einskildpersonar som har gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis (…)”. 

Det er det sittande formannskapet i Surnadal kommune som administrerer Kleivafondet og tildeling av Kleivaprisen.  Prisen blir delt ut under Vårsøghelga.

Send inn forslag til kandidatar

Send forslag med begrunning innan 15. mars 2024 til Surnadal kommune

Tidlegare vinnarar av Kleivaprisen

  • 1998: Henning Sommerro
  • 1999: Styrkår Brørs
  • 2000: John Røen
  • 2001: Jørgen Gravvold
  • 2002: Bernt Bøe
  • 2003: Famntak
  • 2004: Alf Ramsøy
  • 2005: Paula Ranes
  • 2006: Ola Brøske
  • 2007: Eistein Bæverfjord
  • 2008: Kirsti Skei og Holger Skei
  • 2009: Svein Sæter
  • 2010: Trond Larsen
  • 2011: Dordi Skuggevik Tande
  • 2012: Sverre Hatle
  • 2013: Randi Lysø
  • 2014: Svanhild Husby
  • 2015: Fredrik Sjøflot
  • 2016: Torbjørn Polden, Erling Myrbostad og Lars Steinar Ansnes
  • 2017: Einar Sødergren
  • 2018: Else Brandvoll Andresen
  • 2019: Jon Arne Mogstad
  • 2020: Laget Vårsøg
  • 2021: Erik L. Moen
  • 2022: Sigrid Vetleseter Bøe
  • 2023: Dreamfarm Studio