Harepest påvist i Orkland – ver merksam når du ferdast i skog og mark

Det er påvist fleire tilfelle av harepest i Orkland dei siste vekene. Det er ikkje grunn til uro, men råda frå kommuneoverlegen i Orkland kan også vere nyttige for oss som ferdast i skog og mark i Surnadal kommune.

Kva er harepest?

Harepest, også kalla tularemi, er ein infeksjonssjukdom som kjem av ein bakterie som finst hos ville dyr, særleg harar og smågnagarar. Sjukdommen smittar ikkje mellom menneske og kan behandlast med antibiotika.

Harepest opptrer gjerne på seinsommaren og om hausten. Smitte kan mellom anna skje gjennom forureina vatn, kontakt med sjuke eller døde dyr, støv frå smågnagarar og gjennom myggstikk eller flåttbitt.

Gode råd når du er ute i naturen

For å redusere risikoen for smitte er det lurt å følgje nokre enkle råd:

  • Ikkje drikk vatn direkte frå naturen. Vatn frå bekkar, innsjøar og andre naturlege vasskjelder bør kokast eller desinfiserast før du drikk det.
  • Ver merksam på private brønnar og oppkommer. Dei bør vere sikra mot overflatevatn, smågnagarar og fuglar. Ikkje bruk vatnet dersom du ser døde dyr, avføring eller anna forureining i eller rundt vasskjelda.
  • Unngå kontakt med sjuke eller døde harar og smågnagarar. Må du handtere eit dødt dyr, bør du bruke hanskar og vaske hendene godt etterpå.
  • Ver forsiktig ved rydding etter mus og andre smågnagarar. Ikkje fei eller støvsug tørr muselort. Fukt området først, bruk gummihanskar og tørk opp med ein fuktig klut.
  • Beskytt deg mot mygg og flått. Bruk myggmiddel og klede som dekkjer huda når det er mykje mygg, og sjekk huda for flått etter turar i skog og mark.
  • Ikkje bad eller vask deg i vatn dersom du ser restar av døde dyr i vatnet.
  • Ver merksam på hund og katt. Unngå at dei slikker deg dersom dei nyleg har vore i kontakt med eit sjukt eller dødt dyr.

Kva symptom bør du vere merksam på?

Harepest kan gi ulike symptom, avhengig av korleis ein er smitta. Vanlege symptom er feber og frysningar, hovudverk, sterk trøyttleik og sjukdomskjensle, hovne og ømme lymfeknutar, sår hals eller sår som ikkje gror.

Symptoma kjem vanlegvis tre til fem dagar etter smitte, men det kan gå opptil tre veker.

Ta kontakt med fastlege eller legevakt dersom du får symptom som kan passe med harepest, særleg dersom du nyleg har drukke vatn frå naturen eller privat brønn, vore i kontakt med smågnagarar eller dyreavføring, rydda etter mus eller vore utsett for flåttbit eller mange myggstikk.

Fortel legen om kva du kan ha vore utsett for.

Meir informasjon

Orkland kommune har samla meir informasjon og råd frå kommuneoverlegen etter at det er påvist fleire tilfelle av harepest i kommunen.

Les meir: Harepest påvist i Orkland – dette er råda frå kommuneoverlegen

Du finn også generell informasjon om harepest og førebygging hos Folkehelseinstituttet (FHI).

Kontaktperson i vår kommune er kommuneoverlege Arne Opdahl