Influensa- og koronavaksinering 2024

Her er informasjon om tidspunkt og gjennomføring av vaksineringa denne hausten.

Drop-in vaksinering på Surnadal kulturhus

Årets influensa- og koronavaksinering går føre seg i Svorkasalen på Surnadal kulturhus i perioden 21. oktober til og med 24. oktober. Du kan få begge vaksiner samtidig. Du blir spurt når du kjem til vaksinering.

I år treng du ikkje bestille time. I staden blir det gitt eit drop-in tilbod der du kan møte opp på Kulturhuset på angitte datoar for kretsen du er heimehøyrande i. Dette for å gjere vaksineringa så smidig og triveleg som mogleg for alle. 

Om du ikkje kan møte til oppsett dag for kretsen din, går det an å møte ein av dei andre dagane. Du treng ikkje varsle om dette. 

Oppmøtedatoar etter krets, kl. 09.00 - 15.00 alle oppsette dagar

  • Måndag 21.10 - Nedre Surnadal
  • Tysdag   22.10 - Kvanne/ Stangvik og Todalen
  • Onsdag 23.10 - Bøfjord/ Bæverfjord
  • Torsdag 24.10 - Øvre Surnadal


Kven får tilbodet?

Vi tilbyr vaksinering kun til anbefalte grupper. Andre kan henvende seg på apoteket. Snakk med legen din dersom du treng medisinske råd. 

Barn i risikogruppe kan bli vaksinerte etter eigen avtale på Helsestasjonen. Føresette bes ta kontakt.

Dersom du må utsette vaksinering, kan du sende e-post til vaksine@surnadal.kommune.no

Pris og betaling

Influensavaksine: Kr. 285. Koronavaksine: Gratis. Betaling kun med kort og vipps!

Praktisk informasjon

Parkering på ordinære parkeringsplassar på Skei. Ha på T-skjorte eller bekledning med ermar som er lette å brette opp. Sjuke personar skal ikkje møte opp.

Kven er anbefalt influensavaksine?

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler influensavaksine spesielt for:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med alvorleg grunnsjukdom 

Kven er anbefalt koronavaksine?

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at følgande grupper bør ta ei ny oppfriskningsdose med koronavaksine før haust/vintersesong 2024/25: 

  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe.
  • ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.

Pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse)

Det vil bli sett opp eigen dato for penumokokkvaksinering. Når du kjem til influensavaksinering kan du gi beskjed om du ønsker å få time til denne seinare.  Vaksinen kostar kr. 525.

Du er anbefalt å ta pneumokokkvaksine dersom du er over 65 år og det er gått 6 år sidan sist du tok den. Er du i tvil kan du sjekke vaksiner du har fått ved å logge inn på helsenorge.no

Vis alle anbefalingar (FHI)