Influensa - og koronavaksinering 2025

Oppsamlingsdag 21. november 

Timebestillinga opnar 14. november.

Tilbodet gjeld personar i målgruppene for influensa- og koronavaksinering, og som ikkje hadde anledning til å møte i vaksineringsveka i oktober.  Oppmøte på helsestasjonen i Familiens hus på Skei etter avtalt time.

Du bestiller time frå 14. -21. november ved å sende ein SMS til vaksinetelefon: 913 79 001 

  • Oppgi namn, fødselsdato og kva vaksiner du ønsker

Om influensavaksineringa i oktober

Tid og stad for vaksinering

Årets influensa- og koronavaksinering i Surnadal kommune vil gå føre seg i perioden 21. - 24. oktober, alle kvardagar kl. 09.00 - 15.00. Oppmøte på Familiens Hus ved kommunehuset på Skei. 

Vi ber dei som ønsker vaksinering i haust om å nytte seg av oppsette dagar.

Timebestilling frå 13. oktober

Du må bestille time til vaksinering i år.  Dette gjer du ved å sende ein SMS eller ringe til telefon: 913 79 001 frå 13.. oktober mellom kl. 09.00 - 15.00.  

  • Ved bruk av SMS oppgir du følgande: Namn, fødselsdato og kva vaksine du ønsker.
  • Du vil deretter få SMS frå Helsenorge/HelsaMi med tildelt time for vaksinering

Pris for vaksiner

  • Influensavaksine: kr 300 
  • Koronavaksine: kr 100 

Betaling kun med kort eller vipps.

Kven får tilbod om vaksinering?

Vi vaksinerer kun personar i risikogruppene. Dette gjeld alle over 65 år og andre i eigne risikogrupper. For meir informasjon om vaksiner og anbefalingar, sjå Voksenvaksinasjonsprogrammet (FHI) Andre kan bli vaksinerte på apoteket.

Føresette til barn som er i risikogruppe og ønsker vaksine, bes ta kontakt med helsestasjonen.

Dersom du treng råd grunna medisinske forhold, snakk med fastlege din.

Praktisk informasjon

For at vaksineringa skal bli gjennomført enklast mogleg, bør du ha på t-skjorte eller overdel med ermar som er lette å brette opp. Er du sjuk skal du ikkje møte opp til vaksinering.

Parkering på dei ordinære parkeringsplassane på Skei.

Pneumokokkvaksinering - nytt i år

Fødd i 1960

Alle personar som er fødd i 1960, dvs. som har fylt eller fyller 65 år i år, vil få tilbod om pneumokokkvaksine til redusert pris. Den vil koste kr. 100 og antatt varigheit på vaksinen er lang, over 15 år. Det vil bli sett opp eigen dag seinare for pneumokokkvaksine. 

Vi ber deg som ønsker denne vaksinen gi oss beskjed om dette når du kjem på influensavaksineringa. 

Alle andre

Alle andre (65+ og egne risikogrupper), må ta kontakt med eigen fastlege for resept på pneumokokkvaksine og kan få satt den på legesenteret.  

Påfyllsdose er anbefalt kvart 6. år, med mindre det føreligg anna individuell vurdering frå fastlege.

 Meir om pneumokokkvaksine (FHI)