Influensavaksinering hausten 2021

    Årets influensavaksinering vil gå føre seg på Surnadal kulturhus, Svorkasalen 1., 2. og 3. november.

Du kan bestille deg time ved å gå inn på www.c19.no, Influensavaksinering.
Dersom du treng hjelp og ikkje har nokon til å hjelpe deg, eller du må utsette vaksinen og treng råd, kan du sende epost til : vaksine@surnadal.kommune.no,  eller ringe vaksinetelefonen 913 79 001 måndag-fredag mellom kl. 09.00- 11.30. Hugs å oppgi personnr. og mobilnr. 

Vi vaksinerer kun personar i risikogruppene og alle frå og med fylte 65 år desse dagane.
Andre kan bli vaksinerte via fastlegen sin eller på apoteket.

Det er ikkje lenger krav om munnbind, men dersom du ønskjer å bruke munnbind har du høve til det. Ingen som er sjuke skal møte opp. Dersom du er usikker på vaksinering grunna medisinske forhold, kan du ta kontakt med fastlegen din.
For at vaksineringa skal bli gjennomført lettast muleg, er det ønskjeleg at du har på deg t-skjorte eller anna tilpassa klede på overkroppen.

Prisar
Influensavaksina er gratis i år. Pneumokokkvaksine (begrensa antal) kr. 170,- . Betaling kun med kort og vipps!

Trafikk og parkering

Parkering på dei ordinære parkeringsplassane på Skei. Vi har vaksinevertar inne på kulturhuset som som hjelper deg med å finne plassen din.

Grupper som er anbefalt å ta influensavaksine hausten 2021 (FHI)

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 måneder til 5 år (Slik vaksinering blir gjort på helsestasjonen)
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
    • hjerte- og karsykdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer en alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg er influensavaksine anbefalt til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser. 

Les meir om influensavaksine på  folkehelseinstituttets heimesider og om Influensavaksinasjonsprogrammet