Informasjon frå vaksinekontoret

Det er stadig mange som ønskar å bestille influensa- og koronavaksinering. Her er siste nytt:

Foto av vaksineopptrekk - Klikk for stort bilde canva.com

Informasjon frå vaksinekontoret

Vaksinekontoret melder om at dei straks er tomme for influensavaksiner, slik at siste dag med influensavaksinering etter avtale på Familiens hus, er fredag 24. november. Den som ringer etter helga blir henvist til apoteket. 

Koronavaksinering før og etter jul

Tilbod om koronavaksinering blir gitt måndagar i partalsveker kl. 13.00 - 15.00. Du må bestille ein time i forkant. 

Før jul gis tilbodet måndag 27. november og måndag 11.desember 2023. 
Etter jul gis tilbodet frå måndag 8. januar og annakvar måndag framover i 2024.

Bestilling

Ønsker du influensa- og /eller koronavaksinering kan du ringe vaksinetelefon 913 79 001 eller sende e-post til vaksine@surnadal.kommune.no

Kven får tilbodet?

Det er dei same gruppene som i haust er anbefalt influensavaksine og koronavaksine som får dette tilbodet.  Det vil seie personar over 65 år og personar i risikogrupper.