Informasjon om skuleskyss frå skulestart

Surnadal kommune har fått fleire spørsmål og bekymringar om det nye bussopplegget på Indre Nordmøre. Vi har derfor vore i dialog med FRAM og Møre og Romsdal fylkeskommune om skuleskyssen frå skulestart.

Vi forstår at endringar i bussrutene kan skape spørsmål og uvisse for både elevar og føresette. Kommunen vil følgje situasjonen etter skulestart og samle inn erfaringar og eventuelle avvik.

Kapasitet for elevar utan lovfesta rett til skuleskyss

Kapasiteten for elevar som ikkje har lovfesta rett til skuleskyss, er den same i Gryta som i fjor. Det er likevel ikkje sikkert at det er den same bussen som køyrer som tidlegare.

FRAM har gjort det klart at det kan bli behov for å justere rutetilbodet etter at dei nye rutene har vore i drift ei stund.

Er du usikker på avstanden mellom heim og skule?

Retten til skuleskyss er mellom anna avhengig av avstanden mellom heimen og skulen.

Dersom du er usikker på korleis avstanden er berekna, kan du sjå dette i Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kart for berekning av skuleskyss:

Kart for berekning av skuleskyss

Følg bussen i sanntid

Du kan sjå kvar bussen er, i FRAM sitt sanntidskart:

Sanntidskart FRAM

Meld frå dersom du opplever problem

Kommunen vil samle inn avvik, utfordringar og erfaringar etter at skuleåret har starta og melde desse vidare.

Oppdagar du feil eller utfordringar med skuleskyssen, ber vi deg sende informasjon til:

post@surnadal.kommune.no

Skriv gjerne kva rute eller haldeplass det gjeld, tidspunkt og ei kort skildring av problemet. Det gjer det enklare for oss å følgje opp innspelet. Merk saka: Skuleskyss.

Vi har forståing for at endringane kan skape uvisse. Samtidig er det viktig å få erfaring med korleis dei nye rutene fungerer i praksis. Det vil gi eit betre grunnlag for å vurdere om det er behov for justeringar.

Med vennleg helsing

Hugo Pedersen/ordførar og Kenneth Bergstad/oppvekstfagleg rådgivar