Invitasjon: Bli med på Sykle til jobben 2026 - Surnadal kommune - Startsida

Invitasjon: Bli med på Sykle til jobben 2026

Du treng ikkje sykle til jobben for å delta - all fysisk aktivitet tel. 

Vi inviterer alle som bur i Surnadal kommune til å delta i Sykle til jobben-aksjonen 2026 – ein nasjonal aktivitetskampanje frå Bedriftsidretten, som årleg inspirerer til at vi beveger oss meir i kvardagen, uansett nivå og utgangspunkt. 

Kva er Sykle til jobben?

Dette er Norges største aktivitetskampanje kor all fysisk aktivitet tel – du treng ikkje sykle, men kan også gå, svømme, løpe eller trene. Du kan registrere og samle poeng åleine eller saman med andre på lag. 

-Surnadal kommune har inngått avtale med Sykle til jobben-aksjonen slik at alle som bur i vår kommune kan delta gratis under årets vårkampanje. Tilbodet gjeld også for bedrifter og innbyggere. Det fortel miljøvernrådgivar Staffan Sandberg og folkehelsekoordinator Trine Glåmen, kampanjeleiarar for aksjonen i Surnadal. 

-All fysisk aktivitet tel, både til og frå jobb og på fritida. Aksjonen handlar om å skape gode vanar, betre helse og auka trivsel – både fysisk og mentalt. Det er låg terskel for deltaking, seier Glåmen.

Sykle til jobben 2026 startar 5. mai og varar i seks veker, fram til 14. juni. 

-Under kampanjeperioden vil du kunne ta imot ulike utfordringar og vinne premiar, men den viktigaste premien gir du deg sjølv ved å vere i aktivitet.

Påmelding og registrering

Registrer deg som deltakar på sykletiljobben.no eller last ned appen Bedriftsidretten. Du må ha gyldig e-postadresse for å kunne registrere deg.  For å delta gratis må du vere busett i Surnadal kommune og skrive inn postnummeret ditt når du registrerer deg, eller arbeide for ei verksemd som er registrert i Surnadal.

Informasjon om sykle til jobben - Klikk for stort bilde