Invitasjon til dialogforum om framtidig skulestruktur - oppdatert med ny dato ved Subus - Surnadal kommune - Startsida

Invitasjon til dialogforum om framtidig skulestruktur - oppdatert med ny dato ved Subus

Dialogforum ved Subus er flytta frå 8. april til måndag 20. april grunna møtekonflikt med arrangement på Gardermoen. 

Kjære foreldre og andre interesserte!

Surnadal kommune inviterer til dialogforum ved Mo skule og Subus i samband med høyringssaka der ein ser på ei eventuell innfasing av Mo skule i Subus. Dette er ein viktig del av høyringsprosessen, og vi ønskjer å få fram synspunkt og innspel frå dykk som er direkte berørte av saka.

Bakgrunn for møta

Kommunen står i ein krevjande økonomisk situasjon og vurderer endringar i skulestrukturen som eitt av fleire tiltak for å sikre kvalitet og berekraft i oppvekstsektoren. Høyringsdokumentet presenterer tre konkrete alternativ for framtidig organisering av grunnskulane i kommunen.

Vi ønskjer å informere om innhaldet i dokumentet og legge til rette for arbeid i prosess, der foreldre og lokalsamfunn kan bidra med innspel og refleksjonar. Barn og unge si stemme er også viktig, og elevråd og ungdomsråd vil bli høyrt i eigne fora.

Tid og stad

Det blir arrangert dialogforum ved kvar skule etter denne tidsplana:

Onsdag 25.03.26: Mo, kl. 18 - 20

Nytt tidspunkt - Måndag 20.04.26: Subus, kl. 18 - 20

Tema for møta

- Innleiing
- Kort presentasjon av høyringsdokumentet
- Arbeid i prosess med foreldre og interesserte

Korleis gje innspel

Innspel kan også sendast skriftleg via kommunen si høyringsside 24.04.26. Alle innspel vil bli vurdert før saka blir handsama politisk i kommunestyret på mai i 2026.

Vel møtt!

Med venleg helsing,

Kenneth Bergstad, kommunalsjef for oppvekst