Invitasjon til dialogforum om framtidig skulestruktur

For berørte ved Mo oppvekstsenter og Surnadal barne- og ungdomsskule.

Kjære foreldre og andre interesserte!

Surnadal kommune inviterer til dialogforum ved Mo skule og Subus i samband med høyringssaka der ein ser på ei eventuell innfasing av Mo skule i Subus. Dette er ein viktig del av høyringsprosessen, og vi ønskjer å få fram synspunkt og innspel frå dykk som er direkte berørte av saka.

Bakgrunn for møta

Kommunen står i ein krevjande økonomisk situasjon og vurderer endringar i skulestrukturen som eitt av fleire tiltak for å sikre kvalitet og berekraft i oppvekstsektoren. Høyringsdokumentet presenterer tre konkrete alternativ for framtidig organisering av grunnskulane i kommunen.

Vi ønskjer å informere om innhaldet i dokumentet og legge til rette for arbeid i prosess, der foreldre og lokalsamfunn kan bidra med innspel og refleksjonar. Barn og unge si stemme er også viktig, og elevråd og ungdomsråd vil bli høyrt i eigne fora.

Tid og stad

Det blir arrangert dialogforum ved kvar skule etter denne tidsplana:

Onsdag 25.04.26: Mo, kl. 18 - 20

Onsdag 08.04.26: Subus, kl. 18 - 20

Tema for møta

- Innleiing
- Kort presentasjon av høyringsdokumentet
- Arbeid i prosess med foreldre og interesserte

Korleis gje innspel

Innspel kan også sendast skriftleg via kommunen si høyringsside 24.04.26. Alle innspel vil bli vurdert før saka blir handsama politisk i kommunestyret på mai i 2026.

Vel møtt!

Med venleg helsing,

Kenneth Bergstad, kommunalsjef for oppvekst