Jubileumsprogram 3. desember: Kulturhuset feirar 20 år!

Foto av kulturhuset - Klikk for stort bilde

Mangt å minnast, mangt å oppleve og feire i Surnadal kulturhus:

Jubileumsprogram 3. desember

På dagtid kan kan du få med deg gratis kaffekonsert, kunstutstilling, klovneforestilling og bygdeboklansering.

På kveldstid blir det jubileumskonsert med fleire aktørar som har vore knytt til kulturhuset og kulturskulen, og som driv med musikk i dag. Det blir mellom anna reunion med Batteri, som består av Hans Olav Settem, Brage Kristian Einum, Stein Boge, Oddbjørn Sponås og Sondre Skogseth. Fiolinist Anders Larsen og pianist Hedda Hansen Berg deltek også på konserten.

Vi får òg besøk av Øyvind Weiseth og Jo Sverre. I tillegg får vi underhaldning av Karstein Mauset og huskoret Tordenskjold med gjestedirigent Bernt Bøe. Frå kulturskulen kjem Ida Moe, Johanne Holten og bandet Design. Det blir også humorinnslag frå Gøran Bolme, og Tove M. Schei og Tove Sundli. Konferansier er Svein Sæter.

Kvelden blir avslutta med musikkpub i fojaeen med bluesbandet Maldito frå Trondheim, der surnadalingen Gard Rognskog Nødset spelar trommer.

Program dagtid

  • Kl. 12.00 Kaffekonsert i foajeen med elevar frå kulturskulen, og med kunstutstillinga «Haustlys» i Finstuå.
  • Kl. 13.00 Forestilling for dei minste med «Klovnen KOKO» i biblioteket.
  • Kl. 13.00 Lansering av femte bygdebok i Svorka-salen. Denne boka dekkjer Honnstad–Kvammen, inkludert Vindøldalen og Folddalen.

Kveldsarrangement

Kl. 19.00 Jubileumskonsert i Storstuå - Kjøp billett

Kl. 22.00 Bluespub med Maldito i foajeen - Kjøp billett