Julegrantenning på Skei

julegran  

Til helga er det første søndag i advent, og det er meldt greit vintervêr under den planlagte julegrantenninga på Skei søndag kl. 17.

«Dei faste postane» er tenning av julegran kl. 17, musikalsk deltaking frå Surnadal Hornmusikk og utdeling av små, hyggelege gåver til barna av tilreisande nissar frå (dalstroka innafor) Nordpolen.

Etter julegrantenninga er det muleg å ta seg ein tur ned til Frivilligsentralen der ein kan kjøpe seg kaffe og kaker – og på kjøpet få ei fin musikalsk oppleving ved at Hedda Moen Gjerstad syng og spelar. 

Og, til dykk som har investert i eit velfortent «Stikk Ut!»-krus, Norunn Holten vil vere til stades og levere ut desse på Frivilligsentralen.

Vel møtt!