Julehelsing frå ordførar

Ordførar Hugo Pedersen gir ei julehelsing til alle innbyggarar i Surnadal kommune.

Foto. Ordførar Hugo Pedersen. - Klikk for stort bildeOrdførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg vil ønske alle innbyggarar i Surnadal kommune ei god jul og eit godt og fredeleg nytt år. 

Vi har lagt bak oss eit år med store utfordringar. Kommunen står midt i fleire omstillingsprosessar som krev tid og krefter, men vi skal komme oss gjennom dei på ein god måte. Surnadal er ein god stad å bu, og vi har mange spennande moglegheiter for vidare utvikling framfor oss. 

Eg veit at jula ikkje er like god for alle. Dei som har det vanskeleg, tenkjer eg særskilt på, og eg håpar at høgtida likevel kan bringe lys og varme. 
Mange er på jobb og held hjula i gang – det er viktig og nødvendig – likevel håpar eg alle får litt tid til kvile og samvær. 

Ta deg tid til frisk luft og nyt den flotte naturen vi har rundt oss. Det er fint å samlast i kyrkja, og det skjer mange gode kulturarrangement i kommunen. 
Hugs å sjå til dei som er åleine – kanskje ein liten visitt kan gjere ein stor forskjell. 

Gjennom året har vi lært kor viktig eigenberedskap er. Kanskje kan jula også vere ei tid for å styrke fellesskapet og få nye «beredskapsvenner». 
Ta vare på kvarandre – det gjer oss sterke i ei uroleg verd. 

Eg gleder meg til å arbeide vidare for det beste for innbyggarane i Surnadal i 2026, og eg set stor pris på alle som tek kontakt med meg. 

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR! 

Vennleg helsing  

Ordførar
Hugo Pedersen