Eg vil med dette ønskje alle i Surnadal kommune ei god jul og eit godt nytt år.
Det er utfordrande tider for både for kommunar og folk flest. Omstillingsprossessar kjem til å berøre mange, noko som kan kjennes tungt, men resultatet skal gjere oss meir robuste til å møte morgondagens utfordringar.
I ei uroleg verd må vi å tenkje på kor viktig demokratiet er, at vi lever i eit fritt land er ikkje sjølvsagt.
Jula er ei fin tid for ettertanke. Mange lir og har det vondt i verda, og ikkje alle har det så bra her heime heller. Ta vare på kvarandre og sjå om naboane har det bra.
Eg veit at mange jobbar i jula for å halde samfunnet i gang, men håpar at alle får nokre dagar fri. For dei som kan, ta ein tur ut og kjenn på frisk luft og nyt den fine naturen vi har.
Bruk jula til å kvile ut, samle krefter og gjerne ha det fint saman med andre.
Eg ser fram til å arbeide godt for surnadalsamfunnet i 2025, utfordringane er mange, men så er vi og mange som saman skal løyse dei.
Eg set stor pris på alle som kontaktar meg.
GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!
Med vennleg helsing
Ordførar Hugo Pedersen