Karrieredag for 10.-klassingane på Indre Nordmøre

Kva skal eg velje etter ungdomsskulen – og kva slags moglegheiter finst eigentleg her på Indre Nordmøre? På Karrieredagen 8. september fekk 10.-klassingane bli betre kjent med utdanningar, yrke og arbeidsliv i sin eigen region.

Foto. Frå Karrieredagen 2026 på Indre Nordmøre - Klikk for stort bildeFrå Karrieredagen 2026 på Indre Nordmøre i Surnadal idrettshall Mette Ormset

10.-klassingane står framfor eit viktig val når dei til våren skal søke vidaregåande opplæring. Karrieredagen skal gi ungdommane meir kunnskap om dei mange utdannings- og yrkesvegane som finst – og ikkje minst vise kva moglegheiter som finst på Indre Nordmøre.

Om lag 200 elevar frå Surnadal, Sunndal, Rindal og Heim møttest til Karrieredagen i Surnadal idrettshall. Her fekk dei bli bli kjent med 40 utstillarar.

Sjå, spørje og prøve sjølv

Karrieredagen er meir enn ei tradisjonell utdannings- og yrkesmesse. Målet er at elevane skal få møte arbeids- og utdanningslivet på ein praktisk og engasjerande måte.

Gjennom dagen får dei anledning til å utforske ulike yrke og utdanningsvegar, stille spørsmål og prøve ulike aktivitetar og oppgåver. Slik kan dei få eit meir konkret inntrykk av kva ulike yrke inneber, og kva utdanningsvegar som kan føre dit.

For nokon kan dagen gi nye idear om kva dei har lyst til å bli. Andre får kanskje bekrefta noko dei allereie har tenkt på. Målet er først og fremst at ungdommane skal sitte igjen med meir kunnskap og eit betre grunnlag når dei etter kvart skal gjere sine eigne utdanningsval.

Viser fram moglegheitene i regionen

Karrieredagen er ein viktig møteplass mellom ungdom, utdanning og arbeidsliv.

Lokalt og regionalt arbeidsliv treng kompetanse og nye medarbeidarar i åra som kjem. Ved å gi ungdommane innblikk i breidda av utdannings- og jobbmoglegheiter i regionen, kan Karrieredagen bidra til både kunnskap, framtidstru og rekruttering.

Eit fylkesdekkande samarbeid

Karrieredagane er eit arrangement i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune og blir arrangerte fleire stader i fylket i samarbeid med lokale aktørar.

På Indre Nordmøre står Surnadal kommune for den lokale gjennomføringa.