Surnadal kommune og Nordmøre museuminviterer lag, organisasjonar og interesserte privatpersonar til ope møte om: KAVLVEG OG TURSTI PÅ EIDET
Trollheimsporten har laga flott reportasje om arrangementet som var 18. juni.
Stad: Åsen bygdemuseum
Tid: Måndag 18. juni kl. 14.00.
Program:
Presentasjon av prosjektet ved kulturavd. og museet.
Husasnotra vil demonstrere kløyving av tømmer og legging av kavlar.
Alle interesserte er hjarteleg velkomne!
Stad: Åsen bygdemuseum
På Eidet ligg eitt av dei mest verdifulle kulturminna i Surnadal kommune, ein kavlveg som er datert til år 1020-1160 e.Kr. Ein kavlveg er laga av stokkar som er delt på langs og lagt ned i bakken for å gjera ferdsel muleg i myr og vått terreng.
Surnadal kommune er no i gang med eit større prosjekt knytta til kavlvegen på Eidet. Kommunen ønskjer å verne om dette verdifulle kulturminnet, men også auke kunnskapen om det og gjera det meir tilgjengeleg for folk flest. Det er mellom anna planlagt ein tursti i samband med vegen. Delar av strekninga skal bestå av kavlveg, bygd etter same mønster som den gamle vegen som ligg gøymt i myra.
Som ein del av prosjektet vil det bli halde kurs i kavllegging. Føremålet med kursa er å vidareføre kunnskapen om den gamle teknikken slik at den kan takast i bruk t.d. i samband med turstiar også no til dags.
Måndag 18. juni vil det bli eit ope informasjons- og oppstartmøte på Åsen bygdemuseum i Surnadal. Her oppfordrar vi alle lag, organisasjonar og privatpersonar som kan ha interesse for kavllegging eller tursti om å møte opp.
Du kan lesa meir om kavlvegen i denne ganske ferske artikkelen på Trollheimsporten: https://www.trollheimsporten.no/ut-paa-tur-anno-aar-1020.6121414-137312.html
Mvh
Surnadal kommune og Nordmøre museum
Lomtjønna, der det er planlagt rasteplass
Restane av Litlseterløa som låg like ved Lomtjønna
Området der turstien er tenkt lagt