KI-generert fotomontasje.
300 gratisbillettar frå kl. 11 fredag
Det blir lagt ut 300 gratisbillettar til arrangementet.
Billettane må hentast ved fysisk oppmøte i Surnadal kulturhus frå kl. 11.00 fredag 10.juli. Av omsyn til kapasiteten blir billettane delte ut etter prinsippet «førstemann til mølla», og det er ikkje mogleg å reservere på førehand. Du kan kun hente ut billettar til eiga hushaldning.
Dørene opnar kl. 21.00 laurdag
Dørene til Storstuå opnar kl. 21.00, og da blir det oppvarming til kampen med ballaktivitetar, gratis brus og snacks.
– Vi ønsker å gi barnefamiliar i Surnadal ein smakebit av den historiske VM-folkefesten landslaget har skapt. Sjølv om kampen går seint på kvelden, tenker vi at ungane også må få oppleve dette, seier Dan Blekken og banksjef Berit Skralthaug frå SpareBank 1 SMN.
Og sjølvsagt blir tromma henta fram – vi satsar på at Storstuå skal runge av eit skikkeleg RO! RO! RO! når det norske landslaget går i angrep.
Surnadal IL bidreg
Frå Surnadal IL stiller både eit guttelag og eit jentelag opp som frivillige under arrangementet. Dei skal hjelpe til med gjennomføringa og bidra til å skape ei flott ramme rundt VM-kvelden. Mellom anna med ansiktsminke i nasjonalfargane.
Arrangementet er rusfritt.
Eit samarbeid for fellesskap
Kommunen lovprisar banken, som gjer det mogleg å invitere til gratis fotballfest for innbyggarane.
– Vi set stor pris på engasjementet frå bankforbindelsen vår, som tek initiativ til ei slik folkefest som skapar fellesskap og positiv energi, seier kommunedirektør Lars Inge Kvande og fungerande ordførar Annett Ranes.
Tilsette ved kultureininga kasta seg raskt på og viser stor velvilje for at alt det tekniske er på plass for ein storkveld i Storstuå. Banken dekker alle utgifter i forbindelse med arrangementet.
No håpar vi på fullsett sal, høg stemning og ein kveld som blir hugsa lenge!
Kanskje er spørsmålet på søndag:
– Var du i Storstuå da Norge slo England i VM?